Heddadagene 2019: Engelen frå Kobane

Engelen frå Kobane er ein sterk forteljing om å være ei ung kvinne i Midt-Austen. I eit lite rom sitter vi nært i ein firkant av bord i krans rundt skodespelaren Madalena Sousa Helly-Hansen. Det nærmaste dei betydelege og store Heddadagene kommer ein intimteaterframsyning.

Velkommen til “lys-bok”. FOTO: Thor Brødreskift.

Tittel: Engelen frå Kobane

Av: Henry Naylor                                     Oversatt av: Elise Risnes Eikevik

Produsert av: Hordaland Teater og Sogn og Fjordane Teater

Hvor/Når: Det Norske Teatret, scene 3. 14.juni

Regi: Miriam Prestøy Lie                         Lysdesign: Jon Eirik Sira

Medvirkende: Madalena Sousa Helly-Hansen

Kommende forestillinger: 15.juni 16.00

Anmeldelse av: Ole Petter Ribe


Innleiingsvis får vi beskjed om ikkje å legge sakane våre på borda, da de vert nytta under framsyninga. Vi får utdelt såkalla Knaldperler eller Heksehyl. Dei skal eg kaste når eg får beskjed. Til eit interaktivt biluhell, får eg vite seinare. Velkommen til Syria.

Stykket Angel er skreve av britiske Henry Naylor. Fyrst her kan det rive litt i fordomar. Teksten har fått god omtale førre som eit “realistisk” stykke. At forteljinga er basert på ein myte utakring den kurdiske jenta Rehana som tilgiveleg hadde drepe over 1000 IS-soldatar for den kurdiske motstandsbevegelsen (YPG) i grensebyen Kobane, vekkar ein nysgjerrigheit i meg.

Kjem vi til dømes til sjå ein heltesoge i Engelen frå Kobane eller ei kvinne som har fleire daudsskudd på si kappe en nokon andre eg har høyrt om, “no matter the cause”? Overraskande blir båe helten og mordaren framstilt når Rehana sjølv uttrykkjer replikken: “Far, eg har vært eit monster”.

Krafta i framsyninga ligg endå ikkje i røyndomen. Ein finn engasjementet i den billedlege fiksjonen. Det er eit utrolig velspilt, fysisk stykke. Helly-Hansen bærer 100% av rollene, likeins Helga Guren held heile historia i Dritt // Le Merda (som du kan lese vår anmeldelse av HER!). Begge like sterke skodespelarprestasjonar. Skodespelaren er kroppen i framsyninga. Ho styrer oss også gjennom dei forskjellege situasjonane med ein kreativ bruk av lyskjelder. Lommelykter anvendes som billykter, til avhøyr osv. Ho får maksimalt ut av lo-fi-effektar. Slik som ein lydbok optimalt brukar lyd. Denne framsyninga er ein “lys-bok”!

Engelen frå Kobane er nominert til Heddapris som Beste forestilling for ungdom. FOTO: Thor Brødreskift.

Rehana påminner oss også om menneskelegheita i krigsrammede land. Ho er på leiting etter far si, og i flokk med ein gruppe kvinnelege krigarer som praktisk talt er ungar, utløyser det seg latter og sang. Til dømes seiar ein av soldatkollezane til Rehana at ho skal ta iPod-en hennar (i tilfelle ho døyr). Rehana svarar at det burde være Justin Bieber på den. Eit anna augeblink som dette, er når faren og Rehana dansar til “All the Single Ladies” av Beyoncé, på hans dødsleie. Det er “vestlige” relaterbare kvardagselement som gjer framsyninga balansert.

Engelen frå Kobane handlar om ei dotter som skal finne far si, med den upraktiske omkringliggjande historia om eit land i krig. Helly-Hansen kjem så tett på, at ein ikke kan gøyme seg. Eg var meget oppslukt frå start til slutt. Helly-Hansen er ei sjokkbylgja og ein stjerne!

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg