Kva nashornet såg

I framsyninga Kva nashornet såg blir ein mørk periode frå verdshistoria til røyndom, ved hjelp av pedagogisk plakatar, munnleg forteljing og fabeldyr. Handlinga er lagt til ein dyrehage under andre verdskrig, som låg i nærleiken av konsentrasjonsleiren Buchenwald, kor fleire dyr blei haldt under krigsåra. Og nett som denne dyrehagen var eit populært helgetilbud for borgarane i Weimar under den andre verdskrigen, er denne framsyninga eit godt helgetilbud for Oslo-borgarar. Store, så vel som små.


Paul-Ottar Haga og Charlotte Frogner gjer liv til både dokker og dyr i framsyninga Kva nashornet såg. FOTO: Dag Jenssen

Tittel: Kva nashornet såg
Tid og sted: Det Norske Teatret, Scene 3, 19. februar 2018
Av: Jens Raschke                        Omsetjing: Carl Morten Amundsen
Regissør: Ivar Tindberg               Visuell designar: Stian Hole
Medvirkande: Ellen Birgitte Winther, Charlotte Frogner, Paul-Ottar Haga og Jonas F. Urstad
Komande framsyningar: I speleplan til 7. april 2018
Anmeldelse av: Ole Petter Ribe

 

Det er ein fabelaktig historie med intense karakterar. Du får helse på Charlotte Frogner som Murmeldyrjenta. Ho skrik dei harde vestlandske replikkane sine som eit småbarn, naiv og lite vitande om kva som går føre seg på andre siden av gjerde deira. Paul-Ottar Haga spel den nyankomne bjørnungen, og stiller spørsmål på trøndersk om kvifor tusenvis av sebra-stripede tynne skikkelsar kjem med tog og forsvinn og kjem med tog igjen. Og kvifor fyrer dei eigentleg i skorsteinen no på vårparten? Ellen Birgitte Winther møter vi som ein tilbakelent og nordnorsk Pappa Muflon og Jonas F. Usrstad som en manisk Pappa Bavian. Han likar ikkje at den nyankomne rikker med status quo. For dei andre dyra har det vorte ein vane å se dei titusenvis av sebra-stripede slepe vogner i ny og ne, arbeie fleire dagar i strekk frå tid til anna, og bli skote no og da av dei påstøvla. Framsyninga er tidvis noko underdramatisk, som er forståeleg med aldersgrensa på 11 år. Scener som kunne vore valdsame og for hjartelause å syne for barn, gjerast om til små leikeopptrinn med teddybjørnar og forteljerstemme. Det kan fort verte kvitmålande, men svelgjer ein kontrakten kan det bli ein like valdsam opplevning å se teddybjørnen ein har blitt glad i, miste systra og mora si og varte fanga av ein skinnhanske – symboliserande eit spann med jakthundar. Slik byrjar eit crescendo, som toppar seg med overdøvende skriking mellom bjørnar, bavianar og svanar mot enden. Dramatikar Jens Raschke har dikta inn dyras blikk og tankar i eit alvorsamt tema, noko som ironisk nok gjer framsyninga dess meir menneskeleg.

Charlotte Frogner serverer ein herleg karakter i Murmeldyrjenta. FOTO: Dag Jenssen

For dette er eit mørkt drama. Ein skrupellaus del av umenneskjeleg åtferd og historia. Korleis har dette vorte barneteater? Framsyninga er ein reise i humanisme og kritiske spørsmål, og stiller heile tida spørjeteikn ved korleis og når ein skal utsetja barn og unge for vanskelege historier. Det som gjer det til ein noko annleis og kreativ versjon er humoren, det lekne språket og den naive vinklinga som gir farge til ein forteljing som annars blir fortel i sort-kvitt. Ikkje berre er skodespelarane gode på å visualisera med figurar, gjennomførte karakterar og plakatar… Dei bykser nærmast lydlaust mellom karakter og forteljar, som pedagogisk førar oss gjennom historia. Til dømes er den framståande forteljarkunstnaren Dario Fo kjend for å frå sekund til anna både spele tigeren og mannen som blir jaga av tigeren. På same vis sjonglerer dei berre fire skodespelerane ein heil dyrehage av dyr. Og vi vil ikkje gå fra denne sort-kvit zoo-en, sjølv når vi kjem til slutten av hendingsforlaupet.

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg